top of page

– gjendiktingar av samtidspoesi frå landa rundt Nordsjøen

Nordsjøforlaget skal vere eit lyrikkforlag, først og fremst for gjendiktingar av samtidspoesi frå landa rundt Nordsjøen.

I ei tid då lyrikken ofte kjem i bakgrunnen, er det viktig med alternative kanalar der røystene til lyrikarane kjem fram. Nordsjøforlaget vil bidra positivt til det litterære mangfaldet og den litterære kvaliteten. Alle bøkene våre er innkjøpte av Norsk kulturråd og nokre av dei har motteke prisar.

Vi ser på gjendiktingar som spesielt viktige i den noverande kulturelle situasjonen. Ikkje berre dreier sjølve gjendiktingsarbeidet seg i høg grad om å lytte til andres stemmer, men impulsar utanfrå har alltid vore naudsynte og inspirerande. Dessutan kan ein nok sjå mange felles trekk i kulturen og lyrikken i Nordsjø-regionen, eit samband vi gjerne vil vere med og løfte fram.

Nordsjøforlaget gir også ut dikt for born og unge.

 

Dersom du vil tinge ei bok eller fleire kan du trykke på handlekorgen øvst i høgre hjørne og du får pakke og faktura tilsende! 

Bøker som er komne ut etter 2017, altså frå og med Ein lysare eld av Lennart Sjögren, finst óg som e-bøker (altså dei som kjem først på lista). Dersom du vil ha ei e-bok kan du skrive direkte til hanne.bramness@gmail.com og få boka tilsendt saman med ein faktura på 100 kr.

bottom of page