• Facebook - Black Circle
Er kjøkkenet ein trygg stad å vere? Er det fylt av forlokkande lukter og menneskeleg varme? Desse dikta handlar om gode kjøkken og dårlege kjøkken, dei romma som er utrygge og mørke. Dikta handlar om å vere ung, om å ha tyngjande ansvar, men også om vere fylt av eit stort håp. Òg nokre av dikta handlar om å vere på flukt og difor ikkje ha noko kjøkken.
Gyrðir Elíasson (f. 1961) er ein av dei fremste diktarane i sin generasjon i Norden. Han har fått mange prisar, m.a. Nordisk råds pris i 2011 for novellesamlinga Mellom trærne. I 2016 gav Nordsjøforlaget ut eit breitt utval av Gyrðir Elíassons dikt frå og med den spesielle debuten i 1983 til og med Her veks ingen sitrontre frå 2012. Síðasta vegabréfið kom ut i 2016. Dikta der er varsame, men manande brev ikkje frå, men om den endelege reisa, som alltid er undervegs. Diktaren lyttar seg fram, ser etter teikn og finn dei til dømes i sambandet mellom dei særeigne steinformasjonane Hljóðaklettar (ekkoklippene)
på Nordaust- Island og koreansk skrift. Men kan tittelen dessutan vere eit uttrykk for at diktet som
sjanger vert meir og meir usynleg? Den islandske tittelen tyder òg “det siste passet”. Kan hende ber han i seg eit håp om ei grenselaus verd der ein ikkje treng pass for å ferdast?

Også denne gongen er dikta meisterleg gjendikta av Oskar Vistdal.
EIN ELEFANT I PARADIS av Thierry Cazals. Ei bok full av leikne alvorsord og himmelske teikningar! - framifrå gjendikta av Tove Bakke.

Ansikt til ansikt	
med eit knelarinsekt

ein augeblink eit blikk
så myntegrønt
at tida stoppar opp

no veit eg
kva paradis er

auge
som ser inn i	 
andre auge

og det er alt som finst
LE LIVRE DE YUKEL av Edmond Jabès, gjendiktet av Wera Sæther

Le Livre de Yukel kom ut i Paris i 1964. Boken er en frittstående del av det store – av forfattere og filosofer mye omtalte - verket Le Livre des Questions (Spørsmålenes bok), som Edmond Jabès (1913-1991) skrev i løpet av årene 1963-1973. Spørsmålenes bok er også tittelen på den første boken i verket som Wera Sæther gjendiktet i 1991. Materialet har aldri sluppet henne. I essayet bak i boken skriver hun om hvorfor. Hun forklarer også hvordan Jabès’ skrift er et forsøk på å si noe når intet mer kan sies, at det er en tekst etter «shoah», ødeleggelsen. Derfor blir kjærlighetshistorien mellom Yukel og Sara til en «bruddtekst», en poetisk eksperimentell vev av dikt, tanker, dialoger, besvergelser, brokker av fortellinger og dagboksfragmenter, dypt forankret i den jødiske tradisjonen og den kabbalistiske mystikken.
DEI HUNDRE TUSEN STADENE av Thomas A. Clark, gjendikta av Per Olav Kaldestad

Kom, gi deg i veg! I denne boka, som er ein kjend diktsyklus av den sentrale skotske lyrikaren og kunstnaren Thomas A. Clark, kan lesaren bli med på ein fottur som strekkjer seg frå morgon til kveld og går frå sjøkanten til fjellet og tilbake. Dikta er forseinkingar, meditative utgangspunkt for å sjå seg sjølv i ein større samanheng. Clark har lenge vore ein aktiv representant for djupøkologien og teke til orde for å erstatta den vestlege tenkinga der mennesket er i sentrum med ei tenking med vekt på naturen. Dette er ikkje skrivebordslyrikk! Rytmane som blir skapte av fysisk aktivitet opnar sinnet, og dikta vil ikkje berre få oss til å sjå omgivnadene, men til å tenkja med dei.


i heten midt på dagen
er den kjølige fureskogen
oppfriskande 
for menneske og hjort

skuggesongane
er skire songar
gripande gjennom
gufs av kulde

i mørkninga flyg
auga mot lyset
for å landa på ei grein
og stansa




I 2007 ga Nordsjøforlaget ut eit utval av Clarks tidlege dikt I den klare lufta, og i 2009 kom samlinga Om skog & vatn. Også dei blei gjendikta av Per Olav Kaldestad og fekk særs god omtale.
I GREINVERKET av Lennart Sjögren, gjendikta av Jostein Sæbøe

Denne nye boka til nestoren i svensk lyrikk blir utgitt omlag samstundes i Noreg og Sverige. Boka har den same klare, gåtefulle kvaliteten som før, men stemninga er lettare. Poeten går i sitt nittiande år, han debuterte for over seksti år sidan og har skrive nesten tretti bøker, og stemma hans er blitt lysare i tonen. Er det snakk om ei større forståing, om forsoning? Er det snakk om tilgjeving, eit større mot eller håp? Lesaren må sjølv grunne over svaret og la seg løfta av dikt som står i ein tradisjon der fornuft og magi er sidestilte. Dikta er sterkt forbundne med naturen. Her talar ein istapp, her vert vinden brått omskapt til ein stor veng.
SJELEMESSE av Gerður Kristný, gjendikta av Oskar Vistdal

Som med eit arkeologisk georadarsystem, med laserblikk, ser Gerður Kristný inn i ein gravhaug i dette mektige diktet. Der ligg ei kvinne som tok livet sitt etter at ho vart voldtatt av bror sin. Poeten høyrer òg ei stemme innanfrå haugen, stemma til forteljaren, ei halvdaud kvinne som på heidensk vis vart gravlagd saman med den ulukkelege kvinna, ho passar på henne i dødsriket, talar direkte til henne, og ho talar hennar sak, i den andre og i denne verda. Både forteljaren og poeten fører ordet. Skamma som ein gong ramma offeret, vert retta mot den som eigentleg hadde skuld. Sjelemesse går rett inn i metoo-debatten, samstundes som verket omtalar og omskriv historia.
SKEISEFERD OG ANDRE DIKT av Gerður Kristný, gjendikta av Oskar Vistdal

Skeiseferd og andre dikt er den tredje boka av Gerður Kristý (f. 1970) som Nordsjøforlaget gir ut. Blodhest kom ut i 2014, eit langt dikt som fortel eddadiktet Skirnes ferd frå jotunkvinna Gerds perspektiv, ho som vart fanga av Frøy og lurt med til Åsgard – framifrå gjendikta av Knut Ødegård. I 2016 ga vi ut diktsuiten Dråpa, som er noko så sjeldan som ei krimdiktbok. Gerður Kristný vert rekna til dei fremste i den nye islandske litteraturen. Dikta hennar vert omsette til stadig fleire språk, romanane hennar også. Ho har fått mange prisar. Dikta hennar er moderne, ho tek opp tema som reflekterer og kastar lys over samtida, samstundes som ho er særs medviten om og skriv i dialog med den tradisjonelle litteraturen. Dikta er korthogne, klingande og ofte visjonære. I Skeiseferd og andre dikt vert vi tatt med på ei ferd over indre og ytre djup. Landskapa i dikta hennar er levande, og ofte litterære og mytologiske.
EIN LYSARE ELD, Dikt i utval av Lennart Sjögren, gjendikta av Jostein Sæbøe

Med denne boka kjem den store svenske poeten Lennart Sjögren (f. 1930) for første gong ut på norsk. Han debuterte i 1958, så gjendiktinga markerar også sekstiårs-jubiléet til ein framleis aktiv forfattar. Sjögren er fødd og har levd heile livet på Öland, han er i tillegg biletkunstnar. I etterordet til den svenske utgåva av dikt i utval skriv Staffan Söderblom: «Det hender at eg stansar opp framfor det synlege her i mitt eige landskap, fuglane, steinane, snøen som fell…og at eg trur eg oppfattar noko av deira meir eigentlege format – som eit feilsyn kanskje eller eit slags innblikk. I Lennart Sjögrens poesi finst ein kunnskap om desse formata, det er dei han søkjer med blikket, teiknar konturane av. Og for den kunnskapens skuld er dikta hans umissande».   Og i etterordet til den norske gjendiktaren står det mellom anna: «heile tida er diktinga boren oppe av ei tvers gjennom ærleg stemme som vil trenge inn i livsmysteriet, inn i sjølve eksistensen eller essensen av menneskelivet. Koste kva det koste vil.» 

Ölands-poeten Lennart Sjögren er kanskje ikke like kjent i Norge som sine generasjonskamerater Tomas Tranströmer og Göran Sonnevi. Ikke desto mindre har han siden debuten for 60 år siden vært en av Sveriges mest anerkjente poeter, en poet med en helt særegen stemme. Det finnes en nærhet til naturfenomen, en respekt for alt det som skjer i naturen, i Sjögrens diktning som er helt enestående. Han kan skrive om menneskets forhold til naturen uten at han dermed kan kalles naturlyriker i vanlig forstand. Snarere enn å legge naturen, alt det som er ikke-menneskelig, inn under menneskets herredømme, koples menneskelige erfaringer og opplevelser til naturen gjennom et rikt konnotativt bildespråk uten at det ikke-menneskelige låses fast i et språklig og begrepslig fengsel. Respekt for naturen gjelder i Sjögrens diktverden, respekt for naturens artsrikdom! Så det er på høy tid at også norske lesere kan stifte bekjentskap med Sjögrens diktning. Og Nordsjøforlaget har kjent sin besøkelsestid og nettopp utgitt et solid diktutvalg, Ein lysare eld, gjendiktet til norsk av Jostein Sæbøe. Som en ekstra bonus er boka utstyrt med et uvanlig innsiktsfullt etterord av Staffan Söderblom. Måtte andre forlag som lager serier med gjendiktninger lære av Nordsjøforlagets eksempel.

INNSTILT TIL NORDISK NORDISK RÅDS PRIS (ISLAND) 

DIKT HUSKER STEMMEN av Sigurður Pálsson (gjendiktet fra islandsk av Kristian Breidfjord)

Kampen som utspiller seg i disse diktene der stemmen bakerst i drømmene klinger med, er en strid ved dødens grense, en strid som angår oss alle. Dette er dikt der kjærlighet og undring går av med seieren. De har grepet mange islandske lesere, forhåpentlig kan de også gripe norske lesere.

Sigurður Pálsson (1948-2017) debuterte i 1975 med lyrikk, og utgav siden tre ganger fem diktsamlinger, altså 15, før denne. Han har lagt vekt på å gruppere diktsamlingene i trilogier. I optimismens tegn er Ljóð muna rödd derfor første bok i en ny trilogi, som han dessverre ikke fikk fullført. For boken fikk han Maístjarnan (Maistjernen) den høyeste utmerkelsen for et lyrisk verk på Island. Han ble tildelt mange priser, på Island og i Frankrike. Han er kanskje best kjent for sine skuespill, deriblant et svært populært et om Edith Piaf, og han har skrevet manuskripter for film og fjernsyn og operalibrettoer. Men det var lyrikken som grep ham først og som han har vært hans hovedfokus gjennom det meste av livet; ordet, det rituelle, det levende, det som ligger sangen nær.
DIKT I SAMLING av Frances Horovitz (gjendikta frå engelsk og med etterord av Lars Amund Vaage)

Frances Horovitz skreiv ikkje mykje. Det samla lyriske livsverket hennar får plass i denne vesle boka. Det ho skreiv ligg tett inntil det korte livet hennar; kjærleik, fødsel, død, reiser, ein tur i skogen. Ho skreiv sitt liv, men likevel ikkje. Ho skriv fram eit livsdrama, idet ho brukar det vanlege, det erfarte, men ho skriv om det slik at kvardagen hennar blir viktig for oss alle.

Ho er bygdediktar, landskapsdiktar, naturdiktar. Og ho dveler ikkje ved den engelske notidas metropolar eller strålande samlingsstader, derimot skildrar ho ruinane av tidlegare tiders kulturar, spreidde rundt på bygdene, restar etter piktarane, trakarane, keltarane, romarane. Ho ser og lyttar etter det farne, det døde, etter dei skjulte samanhengane. Ho er ein stor kjærleiksdiktar. Ho prisar kjærleiken. Noko av det store med kjærleiksdikta hennar er at ho omfamnar det ufullkomne, det tilbakehaldne og fjerne, særleg hos mannen. Frances Horovitz (f. Hooker) vart fødd i London i 1938. Ho utdanna seg til skodespelar. I 1964 gifta ho seg med lyrikaren Michael Horovitz og i 1971 fekk dei sonen Adam, som også skulle bli lyrikar. Ho døydde i 1983, berre 45 år gammal.
Dette er den andre boka av Gerður Kristný som forlaget gir ut (sjå elles Blodhest). Og Dråpa er noko så uvanleg som ei mordgåte i dikts form. I eit kvartal i Reykjavik vert ei ung kvinne, det sårbare “duet” i tekstane, drepen. Og når dette skjer, vert byen endra til ein by “for vargar og sorg”. Forvirringa som oppstår når vonde krefter er på ferde, får lesaren kjenne gjennom skildringa av snøkav, mørker og vatn som stig og nærast druknar byen. Dertil kjem fantasifulle, klårt teikna bilete som får oss til å forstå det som skjer. Dikta balanserer på stram line mellom forvirring og forståing, noko som gjer draps- gåta særs alvorleg og oppskakande. Dette er ei tospråkleg utgåve vakkert illustrert av Ina Otzko.
I etterordet til dette breide utvalet skriv diktaren og gjendiktaren Knut Ødegaard: Gyrðir Elíasson er ein av dei få som skapar av di han må. Diktet, og dei poetiske prosabøkene hans, er så tydeleg skapte i eit livsnaudsynleg forsvar mot destruktive krefter. Difor vert poesien òg så viktig del av lesarens overlevingsstrategi.  Det har vore ei stor glede å fylgja Oskar Vistdals kongeniale gjendiktingar av Gyrðirs bøker til norsk. Når han no har teke på seg å gjendikta dette store utvalet av dikt frå 1983 til 2012, er det å rekna for ei storhending i det litterære Noreg. Gyrðir Elíasson fekk Nordisk råds litteraturpris i 2011 for novellesamlinga Milli trjánna  (Mellom trærne, utgitt av Bokvennen og omsett av Oskar Vistdal).
Orkenøyanes store poet George Mackay Brown (1921-1996) viser fram eit tvers gjennom barskt og krevjande øysamfunn med eit mylder av mennesketypar som slåst mot ulike krefter frå dag til dag for å overleve, for å tvinge fisken opp frå eit stormfullt Atlanterhav eller hauste den grøda som jorda er villig til å gi. Livet på øyane er framstilt nærast som anti-idyllisk, men med eit kjærleiksfullt blikk frå poeten, som sjølv opplevde stor fattigdom i oppveksten. Ofte kan også ironiske og humoristiske undertonar sildre mellom strofene, det gir breidde og perspektiv til dikta. Gjendiktinga til Jostein Sæbøe ivaretar magien i originalen. Dette utvalet er det første på norsk.
I eddadiktet Skirnes ferd vert det fortalt om korleis Frøy får auga på den ovfagre jotunkvinna Gerd og sender tenaren sin Skirne for å fri til henne på Frøys hest og med Frøys sverd. Når tilbod og freistnader ikkje fører fram, grip Skirne til trugsmål om vald, runegalder og hånande ord om lagnaden hennar. Ho gjev til slutt etter og forlet heimen sin (jotunheimen) og blir med til Åsgard. I Blodhest ser Gerður Kristný forteljinga frå Gerds perspektiv. Ho ser tilbake på korleis ho vart nedverdiga og utsett for vald. Dei ordknappe dikta minner om dei norrøne i form og klang. Dei er vakkert og presist gjendikta av Knut Ødegård som nyleg òg har laga ei ny norsk tolking av Skirnes ferd i sitt trebandsverk med og om eddadikta. Gerður Kristný (Guðjónsdóttir), f. 1970, vert rekna blant dei fremste i den nye islandske litteraturen og har fått fleire prisar, den gjevaste så langt er Den islandske litteraturprisen som ho mottok for Blodhest (Blóðhófnir).  Boka vart òg innstilt til Nordisk råds litteraturpris.
Vinden byrjar som

ein sped tone

 

inne i det hole beinet

i ein fugleveng.

 

I denne samlinga med dikt for ungdom finn du eit dikt for kvar dag i desember. Det er bilete laga med ord som vil skjerpe sansane. Det er meditasjonar som vil gje deg pusterom i den mørkaste månaden. Kan hende vil dikta også gje deg inspirasjon til å skrive sjølv?
Om denne boka skriv Einar Økland: «Eg tykkjer denne barneboka er konsekvent og gjennomført både når det gjeld tematikk og stil. Heile boka dreiar seg om å vere still og roleg og leggje merke til dei nære dyra, plantene, årstidsvekslingane ikring seg – og å tenne gleda og undringa over det som er her og som føregår heile tida, men som mange ikkje legg merke til eller bryr seg om. Og språket og språkføringa er like roleg og stillferdig som emnet tilseier. (-) …denne enkle og stillferdige tilnærmingsmåten, er gjennomført med kunstnarleg formsans og vilje. Truleg ut frå ei økopolitisk grunnhaldning: Forfattaren vil ikkje forstyrre dei naturelementa han ønskjer skal vere i fred med høge tilrop i form av litterære fakter. Han vil heller ikkje posere som meister i å vere knapp. Han vil berre antyde, berre vise, berre dele sansen for dei løynde innslaga i nærmiljøet. Eg tykkjer altså dette er vakkert og vellykka. Seriøst og gjennomført, men ikkje agiterande, forkynnande, trugande, påståeleg el. l. Slik kunne eg halde fram. Boka er omsett i eit fast og upåfallande norsk tonelag. (-) Det kunne også seiast mykje fint om den fellesskapen eller samværskjensla mellom vaksen og barn som er til stades i diksjonen her i boka. Boka kan truleg både lokke barnet til å bli med ein vaksen ut i skogen og til å sitje saman med den vaksne og lese tekstene inne i huset. Og så kan boka lesast av vaksne i einslege stunder.»
Vi er stolte av å kunne presentere den flotte og varsame gjendiktinga til Odveig Klyve av eit utval frå dikta til den engelsk (jødisk-tsjekkiske) lyrikaren Gerda Mayer. I etterordet til desse spesielle dikta skriv Odveig Klyve: “Gerda Mayer (fødd Stein) vart fødd i Karlsbad, Tsjekkoslovakia i 1927. I 1939 var ho mellom dei jødiske borna som vart evakuert til England frå Praha i den siste ‘Kindertransporten’ før nazistane invaderte byen. England blei hennar nye heimland. (-) I dette utvalet finst dikt frå heile forfattarskapen hennar mellom 1972 og 2005. Her reflekterer ho på ulike måtar over sakn og sorg, men også over krefter som får mennesket til å gå vidare. I eit enkelt og rytmisk språk nærmar ho seg det største alvoret i skinet frå den første barndommen, i ekko av voggesongar og barnerim. Kva tenkjer ein om livet og menneska når ein som barn må flykta frå heimstad og familie? Kva kan ein uttrykkja om det å missa når sysken og foreldre blir borte i dødsleirar? Gerda Mayer diktar ikkje for å pynta på røyndomen, men for å skapa nye rom å pusta i. Ho viser at poesi kan vera nødvendig livskunst.”
Carl Sandburg (1878-1967) skriv kraftfulle, varme dikt for born. Han var ein av dei første modernistene som la vekt på det. I denne boka har Eva Jensen gjort eit fint utval for små norske lesarar – og gjerne store òg. Undringa står i sentrum. Boka fekk kulturdepartementets pris for beste omsetjing av ei bok for born og unge i 2014. I grunngjevinga for pristildelinga skriv juryen: «Eva Jensen formidlar krafta i Sandburg sine tekstar med øyre for musikken og dei poetiske nyansane i eit presist kvardagsspråk.»
Skogen i hjartet er ei samling med dikt for born av Hanne Bramness, om frosken sitt liv i skogen. Korleis går det med frosken når vinteren kjem? «Dikta set i gong små bevegelsar i det tilsynelatande stilleståande, og desse natur- og froskemeditasjonane skjerpar sanseevna, ein kan få syn for og oppleve korleis språket og naturen set kvarandre i rørsle, og korleis dei store samanhengane speglar seg i det vesle, både i språket og naturen.» (Sindre Ekrheim i Bergens Tidende)
«Vakkert og stillferdig legg denne boka fram verda i form av enkle dikt som fangar inn hoppbakken i ei lysstråle og syng sneglehus-blues. Illustrasjonane av Laurie Clark strekar opp presisjonens perfekte poesi og er med på å løfte boka sin venleiksfaktor høgt, høgt.» (Helge Torvund kåra denne diktsamlinga for born til ei av dei tre beste bøkene i 2012 i Dagbladet) Dikta er skrivne av Hanne Bramness, og boka er gjendikta til fransk av Anne-Marie Souliér og har kome ut på forlaget Érès PO&PSY under namnet Le blues du coquillage.
Disse diktene handler om hvordan det er å bli tatt for en fremmed når man ikke er det. Forfatteren vokste opp i Skottland, men er halvt nigeriansk og ser fremmed ut. Hun skriver om erfaringer hun deler med mange, med stadig flere, som alle bør vite om og forsøke å forstå. Dikt kan i en slik sammenheng være svært nyttige fordi de ikke bare formidler kunnskap og beskriver erfaringer, men også formidler følelser. Titteldiktet i samlingen er laget for tre stemmer og har blitt oppført som hørespill i radioen. Boka har vakre måneillustrasjonar av Ina Otzko.
Barry MacSweeney (1948-2000) er ein av dei viktigaste diktarane i engelsk poesi etter 1970. Han blei fødd i Newcastle i Northumberland og var både i livet sitt og diktinga si knytt til denne delen av Storbritannia. Han var ein leiande figur i ein generasjon som stod for fornying i poesien og synte stor vitalitet, breidde og variasjon.

MacSweeney arbeidde i ein tradisjon som var knytt til natur og historie i det lokale miljøet og samtidig retta blikket ut. I diktinga si førte han vidare den revolusjonære romantikken med bakgrunn i William Blake og Percy Bysshe Shelley og var inspirert av både fransk symbolisme og moderne russisk poesi. Dette er første gongen eit utval av dikta til Barry MacSweeney blir presentert på norsk, framifrå gjendikta av Per Olav Kaldestad og Oskar Stein Bjørlykke. Disse dikta er frå ulike periodar i forfattarskapen hans med størst vekt på det siste tiåret han levde. Det er kjærleiken som er hovudtema her: Korleis går det eigentleg med Adam og Eva utanfor paradiset?
Per Olav Kaldestad skriv i etterordet til denne framifrå gjendiktinga si: “I denne boka blir me førde gjennom eit landskap med skog og vatn, og dei små stoppa, eller forseinkingane, er det sentrale. Strofene liknar både haiku og stev. Dei er på same tida lette og kompakte, som meisla i luft. Det har vore både ei stor utfordring og ei stor glede å prøva å framkalla dei på norsk. (-) Ved kvart stopp set diktaren ord på ei intens oppleving og gjer den minneverdig. Ein gåtur i skogen blir framkalt sanseleg og nært, og på ein slik måte at vandringa òg blir eit bilde på eit livsløp.¨ (Sjå elles presentasjonen av diktaren i omtalen av boka I den klare lufta.)
Selima Hill vokste opp i en familie av malere i London og har bodd i Dorset de siste 20 årene. Hun debuterte i 1984 med diktsamlingen Saying Hello at the Station, og har siden gitt ut en rekke fascinerende og spesielle diktsamlinger på det nordengelske forlaget Bloodaxe Books. Hun har mottatt og vært innstilt til mange priser. I 2003 kom Min søsters søster (også gjendiktet av Hanne Bramness) i serien «Stemmens kontinent» på Cappelen Forlag.
Dikta til Bob Arnold er nær forbundne med Green Mountains i Vermont, området der han bur og verkar som steinarbeidar, bygningsmann, forleggjar og bokselgar. Den lange lista av bøker han har skrive byrjer med Rope of Bells i 1974 og fortsett med On Stone, a builder´s notebook, By Heart, Where Rivers Meet, American Train Letters, Once in Vermont og Sunswumthru A Building blant mange andre, også mange små «lommebøker» som han har publisert sjølv. I dette formatet har han og gitt ut 52 andre
Sarah Maguire vart fødd i London i 1957 og er ein av dei leiande London-baserte poetene i dag. Ho trur på den «ureine» poesien, at poesien skal bruka alle menneskelege røynsler og vilkår som råstoff, og blandar kvardagsopplevingar med store politiske hendingar i dikta sine. Ho har bakgrunn frå arbeid som gartnar og frå universitetet. Ho har hatt jamnlege kunstprogram på BBC radio og var den første poeten som vart sendt av British Council til Palestina i 1996 og Yemen i 1998. «Å omsetja poesi er det motsette av krig,» seier ho. I 2004 starta ho The Poetry Translation Centre i London, med tru på at poesien kan utfordra rommet som skaper avstand. Granatepla i Kandahar er den siste samlinga hennar til no og dikta spenner frå slambåtar på Themsen til granateple i Kandahar, frå tulipantreet som gulnar i hagen til grushaugene i Ramallah, frå kjærleik og erotikk til svoveltønner ved Daudehavet.
Eddy van Vliet blei fødd i 1942 og debuterte i 1964 med diktsamlinga Het lied van ik (Egets song), men dei mest lesne og kjente samlingane hans blei publiserte i løpet av åtti – og nittitalet. Han gav ut tretten samlingar medan han levde, og praktiserte fram til han døydde også som advokat i den flamsktalande delen av Belgia. Han døydde av hjernesvulst i 2002. Då han var barn forlet far hans familien og kom aldri tilbake, og i bok etter bok kjem fråveret av faren tilbake som tema. I dikta er kjærleiken ikkje enkel og sviket er alltid muleg. Han blei kritisert for å vere eindimensjonal og sjølvbiografisk. «Eg ergrar meg grenselaust over det despotiske slik må du skrive elles er du ikkje poet, eg kallar det poesiens taliban,» responderte Eddy van Vliet. Dikta hans grip tak og er meddelsame. Lesaren er på like fot.

Gjendiktinga og det informative etterordet er resultat av eit særs vellukka samarbeid mellom Tyra Tronstad og Finn øglænd.
Thomas A. Clark er frå Skottland og er ein framståande figur i nyare engelsk poesi. Han er fødd i 1944 i Greenock og bur no i fiskarlandsbyen Pittenween i Fife. Han debuterte med Some Particulars utgitt av The Jargon Society i 1971 og har gitt ut fleire diktbøker og ei rekkje små dikthefte og kort med dikt. Clark har òg vore oppteken av å utvida grensene for poesien gjennom installasjonar tilpassa ulike stader som galleri, forskjellige offentlege rom eller i landskapet. Bl.a. har han vist slike verk i Camden Arts Centre i London, Musee d´Arte Moderne i Paris, Centro Culturale de Belem i Lisboa og på Cotswold Way i Gloucestershire. Frå 1986 til 2002 dreiv han Cairn Gallery i Nailsworth i Gloucestershire saman med kunstnaren Laurie Clark. Dette var eitt av dei mest respekterte av dei små galleria i England, og her blei det vist minimalistisk kunst, konseptkunst og landskapskunst. Dikta til Clark står i den radikale romantiske tradisjonen i engelsk poesi og har modernismen som formelt utgangspunkt. Samtidig er innverknaden frå diktarar knytte til zenbuddhismen openberr i denne forfattarskapen. Vidare spring Clarks dikting ut av ei sterk oppleving av vår aktuelle trong til å nærma oss og ta vare på den naturen som er føresetnaden for menneskelivet. Dette er særs aktuell økologisk dikting som i gjendiktinga til Per Olav Kaldestad vert særs gode dikt på norsk.
  • NORDSJØFORLAGET

  • BØKER

  • More...